Vinn stort på seriesynsing!
Vår venn Olav Moriarty Solstrand skriver en masteroppgave om digitale tegneserier. Han trenger din hjelp. Ta en kjapp survey og vinn premier! Her er Olavs gameshow:
Eg jobber med ei masteroppgåve om korleis digitale teikneseriar opplevast frå eit brukarperspektiv. Og den beste måten å finne ut korleis brukarane opplever noko, er å spørja brukarane.
Eg går ut frå at mange av Pondus.nos lesarar leser teikneseriar på nettet, og då vil eg gjerne ha dykkar svar på eit par spørsmål. Dersom dei ikkje leser teikneseriar på nettet, tar eg òg gjerne imot svar på kva som er grunnen til dette.
Undersøkinga ligg på
http://www.olafsolstrand.no/survey/
Eg forventer sjølvsagt ikkje at folk gidder å stille opp dette utan å kunne forvente å få noko tilbake. Difor er alle som deltar i spørjeundersøkinga med i trekninga av fem gåvekort på Outland, kvart av dei verdt 200 kroner.
Sjølvsagt må ein oppgi ei kontaktadresse for å kunne vera med i trekninga, men adressene blir lagra i ein seperat database -- sjølve undersøkinga er heilt anonym.
Resultata frå denne undersøkinga vil bli presentert i masteroppgåva mi, som etter det eg har skjønt vil bli gjort tilgjengeleg på nettet i løpet av sumaren, i tillegg til at den som alle andre masteroppgåver blir tilgjengeleg på universitetsbiblioteka i Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø.
Men i første omgang treng eg altså folk som kan svare på spørsmåla i undersøkinga, og det er det eg håper at Pondus.nos lesarar kan hjelpe meg med.
På førehand takk!
You heard the man. Gjør din borgerplikt og hjelp en sann seriefilantrop og en av Norges mest seriekyndige menn.